HISTORIEN OM "VØRINGSFOSS AUTOMOBILCOMPANI"

HISTORIEN OM "VØRINGSFOSS AUTOMOBILCOMPANI"

Publisert av Bjarte Revheim den 26.02.20.

Vøringfoss Automobilcompani

Opning av vegen opp Måbødalen rundt 1915 / 1916 var nok grunnen til at folk i Syssendalen og Eidfjord gjekk saman og stifta Vøringfoss Automobilco i 1919.

Selskapet sitt formål var skyssing av turistar frå dampskipskaien og varekøyring. Stiftarane var framsynte, dei såg nok at ikkje berre Vøringfossen, men og vegen opp Måbødalen var ein attraksjon som kom til å trekkja turistar. Dei hadde nok òg eit håp om at vegen vart bygd over fjellet til Haugastøl, og dermed tilgang til Bergensbanen i sommarhalvåret.

Dette betydde ”overlandskøyring” av turistar mellom cruiseskipa på Eidfjorden og Bergensbanen. Slik kunne turistane entre cruiseskipet i Bergen, eller reise den motsette vegen. Forlate båten i Bergen, ta Bergensbanen til Haugastøl, for så å bli køyrd over fjellet til Eidfjord. Skipet hadde i mellomtida segla inn Eidfjorden.

Eidfjord Automobillag var stifta noko tidlegare men 1. Verdskrig raste ute i Europa, og det var vanskeleg å skaffe bilar. I 1919 hadde Eidfjord Automobillag 1 bil.

Stearns Knight R-314, open 5 setar.

Aksjonærar og stiftarar av Vøringfoss Automobilco:

  • Per O. Garen, gardbrukar og hotelleigar (2 aksjar, dei andre ein kvar).
  • Nils Høel, gardbrukar og turistvert (Styreformann etter stiftingsmøtet).
  • Lars O. Garen, gardbrukar og turistvert
  • Ola L. Sæbø, gardbrukar
  • Endre K. Liseth, gardbrukar og turistvert
  • Frk. Brita L. Garen, gardbrukar (PersLarsBrita)
  • Torbjørn Måbø, gardbrukar
  • Lars J. Myklatun, gardbrukar og turistvert
  • Paul (Pål?) Kvammen, gardbrukar
  • Robert Herland, kjøpmann

BENZ 1919 – Fyrste bilen

Vøringfoss Automobilco kjøpte i 1920 ein brukt Benz & Cie. type 18/45, med opent 5 setars karosseri. Dette er den fyrste bilen som har heimeadresse Vøringfoss. Truleg er bilen produsert allereie i 1916, men overliggar grunna krigen. Dette er Benz før fusjonen med Mercedes. Carl Benz var ein av dei verkelege pionerane i tysk bilindustri. Benz frå denne tida er svært høgt prisa som veteranbil i dag, men så få er bevart at dei knapt vert omsett.

Vår Benz er fyrstegongsregistrert i Kristiania i 1919 på A-3258, eigar disponent Willy Nygaard, Universitetsgt. 11, Kristiania. Karane frå Vøringfoss betalte Herr Nygaard kr. 21.500,- Her i Hardanger fekk Benzen reg. nr. R-335. Bilfabrikkane hadde ikkje begynt å bruka krom eller fornikling, så det var forventa at dette skulle ha vore ein gedigen ”messingbil”. Rett nok er det brukt messing i klokkene på dashbordet, men både frontruteramme og den store spisse radiatorkappa er lakkerte. Bileta av bilen avslører dette, samt at bilen er høgrestyrd. Bil var ein ting, sjåfør ein annan. Løysinga vart ei annonse i Aftenposten der ein søkjer sjåfør. Av annonseteksten kan nemnast at ” søker må være edruelig og stødig manna ”.

Alfred Enger , Kristiania vart tilsett som sjåfør, og som den perfeksjonist han var, Benzen og passasjerar var i gode hender. Månadslønn kr. 250,- utan kost og losji.

Det er og nemnt ein annen sjåfør i 1920, Sverre Hansen frå Hyggen i Røyken. Om han køyrde her er usikkert, men i 1920 var det knapt nokon i Eidfjord som hadde sertifikat. Ofte var det bilimportørane som betalte for sjåføropplæring og sertifikat. Sjølv om Benzen er flott å sjå på, det viser seg snart at motoren er altfor svak til å tåla stigningane. Med sine 45 hestekrefter var Måbødalen eit slit. Etter 10 år er bilen utslitt, men er nemnt når Eidfjord Automobillag og Vøringfoss Automobilco fusjonerer i Hardanger Haugastøl Billag i 1929.

Per Garen på Fossli kjøper Benzen for kr. 200,- i mai 1930 og byggjer den om til Pickup, reg. nr. R-6142. Dette må ha vore den mest eksklusive gardsbil i landet, brukt til bl.a. å henta bjørkeved frå ein skogateig Fossli hadde i Tverrlia aust for Maurset. Som gardsbilar flest har nok og Benzen vorte brukt til både høyvogn og møkkakjerre.1. desember 1933 avskiltast bilen for godt. Etter dette kom bilen til Simadal. Det er sagt at motoren vart brukt til å driva ein taubane og maskinene på ein skifabrikk. Det meste av bilen reiste på sjøen under flaumen i 1937.

Bakparten av stålramma, forstilling og begge framhjul vart funne for nokre år sidan, og er tekne vare på. Bakdørene var brukt som del av eit gjerde på Høel, verktøykassen på stigtrinnet låg i garasjen til Vøringfoss Automobilco ved gamle Fossli bru der bilen i si tid stod.

Lenge trudde ein at det ikkje fantes bilete av denne gedigne bilen, men med god hjelp av utflytta Eidfjordingar dukka det opp 6 gode bilete.

Tidlegare distriktslege i Eidfjord og Ullensvang, Arne Holme, har bytta ut pasientane med gamle bilar. Han har planar om å byggja Benzen opp att. Delesamling har pågått i inn og utland i mange år. Salgsmelding mellom tidlegare eigar, Fossli Hotel og Arne er skriven. Frå før har Arne sett i stand ein stor open 7 setar Buick 1934 som kom ny til Hardanger Haugastøl billag.

Bilete av Benz framfor det gamle Samvirkelaget i Eidfjord
Tekst på bakdørene: Vøringfoss Billag, Fossli
Kjelde: Amund Enger / Einar Liseth
Kopi av vognkortet
Kjelde: Statsarkivet / Geir Midtun

CADILLAC 1917 – Andre bilen.

Om det var redsla for ein ny undermotorisert tysk bil i Måbødalen veit ein ikkje, men heretter er det berre amerikanske bilar med 6 eller 8 sylindra motor som er kjøpt. Andre bilen Vøringfoss Automobilco kjøper er ein brukt Cadillac 1917 mod. med ope karosseri og 7 seter. Cadillacen var seld ny til Fru Marie Styve i Haugesund reg. på L-147. Bilen er registrert i Hardanger 25. januar 1925 på R-396.

Cadillacen hadde ein heller kort karriere her, allereie i 1927 gjekk den i innbytte på bil nr. tre. Historien vidare for Cadillacen er ukjend. Bilen er lite omtalt, men er avbilda i samband med ei befaring av bruene i Måbødalen og oppover mot Hardangervidda.

Eit bilete teke på steinkvelvingsbrua i Krossdalen ligg i Walleviksamlinga til Hardanger og Voss museum. Biletsamlinga er no tilgjengeleg på nettsidene til museet.

Buick Master Six 1927 – Tredje bilen.

Cadillacen vart bytta inn i ny Buick i 1927. Buicken har 6 sylindra motor, 7 seter, ope karosseri. Buicken overtok R-396 etter Cadillacen. Bilen er lisensprodusert på ein fabrikk General Motors hadde i Canada. Dette har nok vore ein egna bil for dårlege vegar med kraftig stigning.

Ved opning av vegen over fjellet til Haugastøl i august 1928 er Buicken avbilda på Haugastøl stasjon, biletet er merka ” Første Eidfjord biler”. Med på opningsturen var fleire aksjonærar i selskapet. På biletet er det òg fleire bilar frå Eidfjord Automobillag.

Vegen over fjellet var bygd for jernbanepengar, men NSB fekk ikkje konsesjon til å driva rutetrafikk. Det er nesten utruleg at konsesjon i staden vart gitt til eit lite billag i Eidfjord med heller svak økonomi.

Ved samanslåing til Hardanger Haugastøl billag omregistrert til R-6125.

Etter ei utforkøyring ved Tveito i Måbødalen vert Buicken kondemnert i april 1934. Om ulykka medførte personskade er usikkert, men sjåføren var ledig på arbeidsmarknaden etter hendinga.

I vår tid hender det at bilar som er kondemnert vert bygd opp att, slik også med Buicken, den har hatt fleire eigarar i Hordaland, Sogn og Fjordane etter ulykka.

Bilete av Buick R-6125 på Haugastøl St.

Chevrolet LM lastebil – Fjerde bilen.

Behovet for ein lastebil til varekøyring var stort. Vøringfoss Automobilco kjøpte ny Chevrolet i 1927. Registrert på R-472.

Hovedårsaka til dette kjøpet var den store transporten av byggjematerialar til den nye store Sandhaug Turisthytte, innvia i 1929. Hytta er eigd av Den Norske Turistforening i Oslo. DNT vurderte å ta materialar med jernbanen til Haugastøl, og å bruke hest og slede herifrå på snøføre til Sandhaug. Grunna lange avstandar og stigninga opp frå Haugastøl, dette vart med tanken.

Vegen over Hardangervidda var under bygging, det var fleire alternativ til vegtrasè.

Om denne store transporten var medverkande på valg av veg via Dyranut, og ikkje den mykje kortare og mindre værutsette traseen gjennom Kjeldedalen er usikkert. Bjoreidalen vart utelukka grunna motstand av nokre grunneigarar.

Materialar til ei 60 sengers turisthytte vart køyrd frå dampskipskaien i Eidfjord og til Løkjafeta like vest for Dyranut, med ein liten Chevrolet lastebil, på størrelse med ein stor Pickup av i dag. Rundt 1200 høgdemeter opp frå fjorden! Minst like imponerande var det at alle materialane vart transportert vidare med hest og slede på vinterføre til Sandhaug.

På slutten av 1920 talet var mange personar involvert i dette prosjektet, både med bygging og transport. Dei fleste lokale folk. Min morfar, Nils Høel er sentral som bestyrar på Sandhaug og som leder for transporten på vinterføre. Stallen i Hellehalsen er base.

Ein dag Chevroleten er på veg til Eidfjord for å henta lass ser sjåføren ein lastebil til Eidfjord Automobillag som ligg og flyt i Storavatnet etter ei utforkøyring. Han er sikker på at både sjåfør og hjelpemann er drukna.

Seinare på dagen kjem begge ut ifrå Vik Pensjonat der dei tilreisande karane budde. I livet, men ille medfarne.

Seinare vart både bil og last redda. Ein stor svingkran tilhøyrande Hardanger Steinhoggeri vart montert på utsida av vegen klarte å få havaristen til lands. Truleg er det materiallasset som har hindra bilen i å søkkja.

Ved stiftinga av Hardanger Haugastøl billag fylgde Chevroleten med og fekk reg. nr. R-6124.

I 1935 er lastebilen seld til Bergen og reg. på O-981, truleg godt oppbrukt.

Navn og logo

Det er mange navn på Vøringfoss Automobilcompani og usikkert kva som er rett. I gamle dokument er Vøringfoss Billag, Vøringfoss Automobilcompani, Vøringfoss Autoco og Vøringfoss Auto brukt. Noko logo fekk ikkje selskapet før etter fusjonen med Eidfjord Automobillag, og namnet endra til Hardanger Haugastøl billag.

Midt på 1930 talet er det teikna ein logo for Hardanger Haugastøl billag. Logoen var så majestetisk, og likna mest på eit kongeleg monogram. På folkemunne vart billaget raskt omdøypt til ”Hans Høyhet billaget”.

Dette er endra etter kort tid til ein logo som var i bruk heilt fram til fusjonen med HSD på 1950 talet.

2 bilete av logoar Hardanger Haugastøl Billag

Etterord

Dessverre er det meste av dokument etter Vøringfoss Automobilco gått tapt, men det var neppe nokon stor økonomisk suksess for eigarane.

Både Eidfjord Automobillag og Vøringfoss Autoco var avhengige av å få med HSD som aksjonær i Hardanger Haugastøl billag. Dette fordi det gamle bilmateriellet måtte fornyast, og rutetrafikken over fjellet og kjøring til og frå skipa på fjorden kravde fleire bilar.

Det nye bilmateriellet var av ymse fabrikat, men hovedmerket for Hardanger Haugastøl billag var det amerikanske bilmerket Nash. Nash var kjend for høg kvalitet til låg pris, og med kraftige motorar som tålte stigningane i Måbødalen.

"Above all, I value public respect for the car that bears my name"

- C.W. Nash

Etter fusjonen vart aksjonærane i dei gamle billaga honorert med ein aksje kvar. Dette gav gratis tur med fjordabåten til Bergen ved årleg generalforsamling i HSD.

For området Vøringfoss og Syssendalen var verdien av selskapet stor for utviklinga på 1920 talet, mange bygg vart reist, og mange tok imot turistar.

Det einaste synlege minne er garasjen ved gamle Fossli bru, riktig nok ein del ombygd og utvida. Kanskje den bør takast vare på no som områda rundt er under regulering?

Historia skrive av Gunnar Garen Hovudkjelde Geir Midtun og Statsarkivet